José Victoriano González-Pérez (23. mars1887–11. mai1927), kjend som Juan Gris, var ein spansk målar og bilethoggar. Han levde og arbeidde det meste av livet i Frankrike. Gris er særleg kjend for sine bidrag til å utvikle kubismen.
Liv og gjerning
González-Pérez var føds i Madrid og gjekk to år (1902–04) på Escuela de Artes y Manufacturas i fødebyen, der han lærte teknisk teikning. Året etter studerte han akademisk målarkunst hos målaren José Maria Carbonero.
Gris leverte vitseteikningar til dei fire moroblada som kom ut i Paris på den tida. Frå 1910 begynte han for alvor å måle. To år seinare hadde han utvikla sin eigen variant av kubisme. Han tok utgangspunkt i den analytiske kubismen, men gjekk etterkvart over til den syntetiserande. Saman med vennen Matisse vart paletten meir fargerik og harmonisk, medan Picasso og Braque nærast måla monokromatisk. Mange av arbeida til Gris kan sjåast som stilleben.
Gris formulerte sine teoriar om estetikk kring 1924. År 1924 førelas han ved Sorbonne-universitetet om moglegheitene med måleriet (Des possibilités de la peinture). Større separatutstillingar vart halde i Galerie Simon i Paris, Galerie Flechtheim i Berlin, begge i 1923, og Galerie Flechtheim i Düsseldorf i 1925.