Ballets Russes var eit ballettkompani som blei danna i 1909 av den russiske impresarioen Sergej Djagilev . Det hadde premieren sin den 18. mai 1909. Kompaniet heldt fyrst til i Théâtre Mogador og Théâtre du Châtelet i Paris og sidan i Monte Carlo . Det hadde sitt utspring i den keisarlege balletten til tsaren i St. Petersburg, som alle dansarane i kompaniet var tilknytte, og hadde fått si trening under påverknad frå den store koreografen Marius Petipa . Det skapte sensasjon i det vestlege Europa gjennom den vitaliteten dei russiske dansarane oppviste, spesielt samanlikna med det Paris kunne varta opp med på den tida. Ballets Russes blei det ballettkompaniet på 1900-talet med størst innverknad, og innverknaden er i den eine eller den andre forma gjeldande sjølv i dag.
Ballettkompaniet og komponistane
Kompaniet bestod av 13 medlemmer, som alle heldt høg dansemessig standard.
Dansarane og koreografane som var tilknytt kompaniet omfatta George Balanchine , Mathilde Kschessinska , Mikhail Fokin , Vera Karalli , Tamara Karsavina , Serge Lifar , Alicia Markova , Léonide Massine , Vatslav Nizjinskij , Anna Pavlova , Ida Rubinstein og Lydia Lopokova .
Scenografane var blant anna Leon Bakst , Aleksandr Benois , Georges Braque , Natalija Gontsjarova , Pablo Picasso , Salvador Dali , Bilibin , Pavel Tsjelitsjev og Maurice Utrillo .
Komponistane var store profilar som mellom anna Claude Debussy , Darius Milhaud , Francis Poulenc , Sergej Prokofjev , Maurice Ravel , Erik Satie , Ottorino Respighi , Richard Strauss , og ikkje minst Igor Stravinskij , som Djagilev oppdaga då han var fullstendig ukjend og som begynte karrièra si i Ballets Russes.
Bakgrunnsstoff
Kjelde