John Venn (4. august 1834–4. april 1923) var ein engelsk matematikar og prest. Han er særleg kjend for arbeida sine innan logikk og for diagramma sine, såkalla Venn-diagram, for å illustrere mengder. Han skreiv også dei viktige verka Logic of Chance (1866) og Symbolic Logic (1881).
Venn blei fødd i Kingston upon Hull i Yorkshire som son av Martha Sykes og presten Henry Venn. Mora døyde då han var tre år gammal.[1]
Han studerte matematikk ved Gonville and Caius College ved Universitetet i Cambridge, der han fekk graden sin og blei fellow i 1857. I 1903 blei han president for skulen.[2] I mellomtida følgde Venn likevel familietradisjonen som anglikansk prest. Han blei ordinert i 1859 og tenter først i Cheshunt i Hertfordshire og deretter i Mortlake i Surrey.[3]
Kjelder