John Forbes Nash Jr. (fødd 13. juni1928 i Bluefield i West Virginia, død 23. mai2015 i New Jersey[1]) var ein amerikanskmatematikar som blir sett på som ein av dei største på 1900-talet. For det banebrytande arbeidet sitt innan spelteori på 1950-talet, fekk han Nobelprisen i økonomi i 1994 saman med to andre forskarar. Filmen Eit vakkert sinn (engelsk A Beautiful Mind) byggjer på livet til Nash.
Nash, ganske nyleg gift og pressa av krava sine til seg sjølv, fekk etter eit psykisk samanbrot i 1958 diagnosen som paranoid schizofrenisk. Mellom 1966 og 1996 gav han ikkje ut nye arbeid i det heile tatt, som følgje av sjukdommen. Far til Nash leid av same sjukdommen.
Innanfor matematikken var Nash interessert i alt, men han var ein utprega konkurranseretta elitist og søkte etter dei største og beste resultata. Til spesialområda hans høyrde spelteori, diofantiske likningar, kvantemekanikk og relativitetsteori.