Tits viste seg tidleg som ein dugande matematikar. I 3-årsaldenen kunne han utføre alle aritmetiske operasjonar, han bestod opptakseksamenen til Friuniversitetet i Brussel då han var 14 år og fekk doktoratet sitt då han var 20 år gammal. Tits var professor ved Friuniversitetet i Brussel 1962–1964, professor ved universitetet i Bonn frå 1964 til han i 1973 flytta til Paris, der han fekk eit professorat i gruppeteori ved Collège de France. Tits hadde dette professoratet til han gjekk av i 2000 og har sidan vore professor emeritus.
Han har fått tildelt æresdoktorat frå universiteta i Utrecht, Ghent, Bonn og Leuven og har mottatt fleire priser. Saman med John Griggs Thompson mottok han Abelprisen i 2008 for arbeide deira innan algebra, og særleg for utforminga av moderne gruppeteori. Jacques Tits sine publikasjonar inneheld særs mange grunnleggande og banebrytande matematiske idear, noko gjer han til ein av dei viktigaste og originale matematikarane i vår tid.