Barber var fødd i Nottinghamshire, men flytta til Warwickshire i 1760-åra for å leia kolverksarbeid ved Nuneaton. Mellom 1766 og 1792 tok han fleire patent, mellom anna ein dampturbin. Medan oppfinninga hans ikkje fekk praktisk nytte, var det den første skildringa av prinsippet, og ein har i seinare år konstruert ein fungerande turbin etter skissene til Barber.
Kjelder
↑Cook, A.F., John Barber - The inventor of the gas turbine: A potted history, Nuneaton & North Warwickshire Family History Society Journal, juli 2003, s. 10.