Johannes Tørrissen Worum, (4. juni 1817–20. desember 1889) var ein norsk lærar og stortingspolitikar[1] frå Ytterøy i Nord-Trøndelag. Worum var son til stortingsrepresentant Tørris Johnsen Worum og Ingebor Olsdatter.[2]
Worum gjekk ut frå Asker seminar i 1839, og var frå 1840 kyrkjesongar i heimbygda Ytterøy til han døydde. Tida 1840-62 var han også lærar. Han var kommunekasserar i Ytterøy 1845-73 og ordførar for heradet 1848-51 og 1856-59. Dessutan var han forlikskommissær frå 1856 og styreformann for den lokale sparebanken frå 1862.
Worum hadde sete på Stortinget i 1854 og 1859-60 som representant for Nordre Throndhjems Amt.[1] I 1854 var han medlem av budsjettkomiteen, og i 1859-60 av justiskomite nr 2. Ved stortingsvalet mellom dei to tingsamlingane han deltok på, vart han vald til 1. varamann.
Kjelder