Tørris Johnsen Worum (1784–4. mai 1834) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann[1] frå Ytterøy i Nord-Trøndelag. Han var far til Johannes Tørrissen Worum.
Far hans var sersjant og gardbrukar på Skjerve i Ytterøy. Sjølv vart han underoffiser i 1807 og kommandersersjant same året. Han deltok i slaget ved Trangen, og vart seinare bode offiserstilling. Men han slutta i det militære i 1814, og vart i staden gardbrukar på Sandstad i Ytterøy. Forlikskommissær frå 1820 til han døydde.
Vorum var 1. representant frå Nordre Trondhjems amt på Stortinget i 1824, der han var medlem av militærkomiteen.[1] Grunna sjukdom vart han permittert frå 29. juni. Han var medlem av matrikkelkommisjonen av 1818.
Han døydde 1834 på garden sin i Ytterøy.
Kjelder