Johannes Kjensmo (fødd 4. september 1930 i Brandval) er ein norsk limnolog.
Han tok doktorgraden i 1967 og var professor i limnologi ved Universitetet i Oslo frå 1969 til 2000. Han har gjeve ut fleire avhandlingar om dei fysiske og kjemiske forholda i innsjøar, primærproduksjon, biogeokjemiske studiar av innsjøsediment samt om paleolimnologi.
Kjelder
«Johannes_Kjensmo» i Store norske leksikon, snl.no.