Johanne Kolstad, i Amerika kjent som Johanna Kolstad, (25. februar1913–5. september1997) var ei norsk idrettskvinne frå Øvre Nordsinni ved Dokka i Nordre Land. Johanne Kolstad var ein av få kvinnelege skihopparar som var aktiv på 1930-talet. Til saman sette ho fire uoffisielle og ein offisiell verdsrekord i skihopping for kvinner.
«Her skal det ikke være noe sirkus, kvinnelik skal ikke dras ut av hoppbakken!»
Formann Finn Quale om avslaget då Skiforeningen i 1931 vart beden om å sleppe kvinner til i Holmenkollen
Tidleg hevda Johanne Kolstad og venninna Hilda «Nusse» Braskerud seg godt mot gutane, men dei vart nekta å delta i renn på lik line med gutane, og måtte i staden nøye seg med å opne renn eller hoppe mellom gutanes/mennenes to omgangar. Sin første verdsrekord sette Johanne Kolstad i 1931, då ho hoppa 31 meter.[1] Denne rekorden betra ho to gonger same året.
Vinter-OL 1932 i Lake Placid sette fart i amerikanarane si interesse for vintersport, ikkje minst skihopping. Dei neste åra vart det bygd fleire hoppbakkar i USA, og det vart arrangert ei rekke populære oppvisingsrenn. Johanne Kolstad vart i 1933 invitert av Norge Ski Club i USA, og turnerte over heile Nord-Amerika i heile 5 år. Kolstad vart særs populær, og vart mellom anna kalla The Queen of Skis og The Wonder Girl. Sportsleg og karrieremessig nådde ho høgdepunktet den 6. mars1938. Då sette ho sin femte og einaste offisielle verdsrekord med 72 meter[2] i Berlin, New Hampshire, USA. Denne rekorden vart ståande i 35 år fram til Anita Wold nådde 73 meter i 1973.