Han utvikla mellom anna ei metallegering for typar, oljebasert blekk, ei form ein kunne støypa typane i, og ei ny trykkepresse med utgangspunkt i ei vinpresse. Tradisjonen gjev Gutenberg æra av å ha innført trykking med einslege, støypte metallbokstavar i Europa, ein metode som var langt raskare og billigare enn trykking med heile, utskorne treplater. Den nye boktrykkarkunsten bana vegen for ei stor auke av skrifter i omløp, og byrja ein informasjonsrevolusjon i renessanseeuropa.
Livssoge
Gutenberg var fødd i Mainz som son til kjøpmannen Friele Gensfleisch zur Laden, som tok etternamnet «zum Gutenberg» etter nabolaget familien flytta inn i. Rundt 1430 reiste han frå Tyskland til Frankrike, og byrja der å prøva seg fram med bokstavtypar i metall som kunne brukast fleire gonger. Med støtte frå den pengesterke JohannFust utvikla han den nye oppfinninga si.
Det første Gutenberg trykte, var avlatssetlar, som blei selde av kyrkja til dei som ønska avlat for syndene sine. Deretter laga han nokre utgåver av Ars Minor, ein del av ei lærebok i latin, første gongen i 1451 eller 1452. Den første masseproduserte boka hans var Bibelen, som Gutenberg trykte første gong i februar 1455. Ved bokmessa i Frankfurt same året kunne han imponera tilskodarar ved å selja biblar for 300 florinar, som rett nok var tre årslønner for ein vanleg arbeidar, men likevel mykje billigare enn tidlegare, meir arbeidstunge biblar.
Gutenberg hadde snart tent inn nok til å gje Fust avdrag på lånet sitt, men i staden brukte han pengane til å utvikla trykkemaskinen sin vidare. Fust gjekk til rettssak, og vann ikkje berre størsteparten av pengane til Gutenberg, men òg retten til typane og ein stor del av utstyret han hadde brukt til å trykka Bibelen. Slik blei Fust den første utgjevaren som prenta ei bok med sitt namn på, sjølv om Gutenberg heldt fram med å trykka resten av livet. Han døydde i Mainz i 1468, med lite eigedom, men med eit veksande ettermæle.
Ettermæle
Oppfinninga til Gutenberg førte til store endringar i Europa. Både lesekunna og vitskapen utvikla seg på grunn av at nye tankar og observasjonar kunne trykkast og raskt spreiast til mange lesarar. Av mange er oppfinnaren rekna som faren til opplysingstida.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon.
Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden.