Johan Blackstad (16. november 1832–8. november 1904) var ein embetsmann og stortingsmann frå Bergen. Aage Schavland var svigerfaren hans.
Blackstad var son til ein prokurator. Han vart student i 1852 og cand. jur. i 1857. Dei neste åra arbeidde han som fullmektig hos sorenskrivaren i søre Hedmark. Og frå 1860 som kopist i justisdepartementet. 1870-74 var han fut og sorenskrivar i Varanger, deretter amtmann i Finnmark frå 1874 til 1882. Sidan sorenskrivar i Eiker frå 1882, lagmann i Eidsivating frå 1889 og i Oslo frå 1892. Tida 1891-1901 var han fungerande riksadvokat, utnemnd til embetet i 1901.
Blackstad var formann i den kongelege kommisjonen av 1875 om samane. Frå 1891 var han medlem av kommisjonen om det kriminelle rettsstellet. Han var ein pådrivar for å få gjennomført jurylova. Elles skal han ha vore den første som orda frampå om freding av kval.
Blackstad representerte finnmarksbyane Hammerfest, Vardø og Vadsø på Stortinget frå 1880 til -85. Begge dei to valbolkane var han medlem av justiskomiteen. Han slutta seg til Høgre då partiet vart danna. Blackstad var innehavar av St. Olavs Orden.
Han døydde i Kristiania i 1904.
Kjelder