Joachim Holmboe Rønneberg (fødd 30. august 1919 i Ålesund, daud 21. oktober 2018)[2] var ein norsk offiser. Han hadde den militære grada fenrik. Rønneberg var under andre verdskrig medlem av Kompani Linge. Han var leiar for gruppa Swallow/Gunnerside, som sprengde tungtvassanlegget på Vemork ved Rjukan. Mot slutten av krigen leia Rønneberg operasjon Fieldfare i Tafjordfjella på Sunnmøre. Oppdraget var å førebu åtak på tyske forsyningsliner ned Romsdalen. Etter krigen arbeidde Rønneberg i NRK, mellom anna som programsekretær.
I Veltdalen i Tafjordfjella ligg den såkalla Fieldfare-hytta. Hytta har Rønneberg vore med og rekonstruert for å gje eit bilete av korleis motstandsmennene budde under krigen.
Motstandsmannen Erling Rønneberg var bror hans.
Kjelder
Bakgrunnsstoff