Jens Edvin A. Skoghøy
|
|
Statsborgarskap |
Noreg
|
Fødd |
16. februar 1955 (69 år) Tromsø
|
Yrke |
Høgsterettsdommar
|
Medlem av |
Det Norske Videnskaps-Akademi
|
Jens Edvin Andreassen Skoghøy (fødd 16. februar 1955 i Tromsø) er ein norsk jurist og dommar i Høgsterett. Han tiltredde som høgsterettsdommar 15. august 1998.
Han tok juridisk embetseksamen i 1980. Han var deretter dommarfullmektig i Tromsø byrett 1980-81, sekretær for Straffelov-kommisjonen 6 månader i 1981, forskingsstipendiat ved Nordisk institutt for sjørett ved Universitetet i Oslo i 1982 og privatpraktiserande advokat 1983-1987. Han blei advokat med møterett for Høgsterett i 1988. Han var utdanningsstipendiat ved Institutt for rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø 1988-1990, og vart dr. juris i 1990. Han var professor i rettsvitskap ved Universitetet i Tromsø frå 1990 til 1998.
Skoghøy har skrive ei rekkje bøker i blant anna panterett og sivilprosess.
Kjelder
Bakgrunnsstoff