* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Jan Mølby (fødd 4. juli1963 i Kolding) er ein dansk tidlegare fotballspelar og trenar. Han spelte mesteparten av karrieren sin for Liverpool. Han fekk òg 33 landskampar for Danmark i løpet av karrieren.
Klubbspel
Mølby byrja klubbkarrieren sin på lokalklubben Kolding FK i 1981 og i ein alder av 19 år var han kaptein for klubben. Mølby gjekk til Liverpool i 1984 etter at pr. år i Ajax. Under tida si i Liverpool laga han 62 mål, derav 42 på straffe, han har ein gong gjort eit hattrick på straffe mot Coventry City. Under tida si i Liverpool bomma han berre på tre straffar. Totalt skåra han på 42 av 45 straffar. For det danske landslaget gjorde han debut som 18-åring i 1982 saman med Michael Laudrup. Han la opp som fotballspelar etter å ha vore på lån i Barnsley og Norwich City. På slutten av karrieren sin i 1996 byrja han som spelande trenar for Swansea City, men han fekk sparken i 1997. Han trente òg Kidderminster Harriers og Hull City, men han slutta som trenar i 2004.
Merittar
Engelsk seriemeister: med Liverpool i 1986, 1988 og 1990
Engelsk cupmeister: med Liverpool i 1986, 1989 og 1992