Swansea City Association Football Club er ein walisisk fotballklubb frå Swansea som spelar i Premier League. Klubben blei stifta i 1912, og er den einaste walisiske klubben som har spelt i den høgste divisjonen i England. Heimebana til Swansea heiter Liberty Stadium, og dei deler bana med Osprey Rugby Union. Swansea City er ein av dei mest framgangsrike klubbane i Wales, og har vunne den walisiske cupen 10 gonger. Kallenamnet deira er “The Swans” eller “The Jacks”. Det siste kallenamnet har dei fått pga. hunden “Swansea Jack” som vart kjend for å ha redda 27 menneske.
Historie
Swansea har tidlegare vore ein by som var meir kjent for rugby, og det var ingen fotballklubbar i Swansea før Swansea Town A.F.C. blei etablert i 1912. Dei starta å spele i andredivisjonen i Wales. Swansea var innom både 3., 2. og 1. divisjon før dei rykte opp i den øvste ligaen i England, Premier League i 2011, etter å ha vunne kvalifiseringa.
Opp gjennom historia har Swansea vore innblanda i mange oppgjer mot rivalen Cardiff City. Kampane dei imellom er kjent som “The South West Derbie” , og er som regel eit høgdepunkt for tilhengjarane av begge laga.
Spelarstall
[1]Sist oppdatert 11. januar 2020.
Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.