Jalawla (arabisk جلولاء, òg kalla Gulala, eller stundom feilaktig Jalula) er ein by i Diyala guvernement i Irak. Han ligg ved breidda av elva Diyala[1] 8 km nord for Al-Sadiyah.
I 2017 var det estimert at byen hadde 80 000 innbyggjarar.
Slaget ved Jalula fann stad i byen mellom Sasanideriket og Rashidun-kalifatet kort tid etter erobringa av Ktesifon. Historikaren Ibn al-Athir skreiv at dei persiske tapa i Jalawla nådde 100 000 mann og at dei døde mennene har «Jellat» (fylt grunnen) slik at området vart kjend som Jalawla.
Frå august til november 2014 vart byen i hovudsak kontrollert av Den islamske staten i Irak og Syria og lokale arabiske stammer som erobra byen frå irakiske styrkar.[2]
23. november 2014 atterobra den kurdiske Peshmerga heile byen att.[3]
Kjelder