Jakob Grubbe Cock Schetelig (fødd 18. desember 1875 i Asker, død 17. oktober 1935 i Oslo) var ein norsk geolog og mineralog. Frå 1917 var han professor ved Universitetet i Oslo. Han la ned eit stort vitskapleg arbeid over norske mineral, særleg frå pegmatittgangar. I saman med Waldemar Christofer Brøgger gav han ut fleire geologiske kart over Oslofeltet.
Kjelder
«Jakob_Schetelig» i Store norske leksikon, snl.no.