Jacob Christian Petersen eller J.C. Petersen (1870–1964) var ein norsk teolog og biskop i Stavanger bispedømme frå 1925 til 1940.
Jacob Christian Petersen var fødd i Drammen.
Det tidlegare Kristiansand stift hadde i 1918 skifta namn til Agder bispedømme. I 1925 vart så området tilsvarande Rogaland fylke skilt ut, og det nye Stavanger bispedømme vart oppretta. Petersen vart den første biskopen i det nye Stavanger bispedømme, og den første biskopen med Stavanger som bispesete sidan Jacob Jensen Jersin i 1682.