Jabal Amman er ein av sju åsar som opphavleg utgjorde Amman i Jordan. I dag ligg Jabal Amman nær det gamle sentrumsområdet.
Historie
I lag med resten av gamle Amman, vart Jabal Amman først busett i yngre steinalder. Men i motsetnad til åsane kring, særleg Jabal al-Qal'a, vart det aldri bygd festningsverk på Jabal Amman.[1] Han var ein noko skogkledd øydemark fram til 1900-talet, då Amman vart hovudstaden i Transjordan og kongelege, rike familiar, forretningsfolk, offiserar og politikarar byrja å flytte til Jabal Amman.[1] Etter kort tid vart åsen det finaste strøker i Amman. Etter kvart som Amman spreidde seg vestover, vart Den første sirkelen bygd og Jabal Amman vart ei hovudåra aust-vest for den raskt veksande byen. I dag veks det rekkjer av fullvaksne tre i gatene i Jabal Amman.[1] I 2005 fekk Jabal Amman status som ein attraksjonsarv av Stor-Amman kommune og det vart lagt planar for å bevare og utvikle den historiske høgda.[2]
Bilete
-
Rainbow-gata går gjennom Jabal Amman
-
Den første sirkelen
-
Mango-gata
-
Jordan River Foundation House
-
Den andre rundkøyringa
-
Den tredje rundkøyringa - Jabal Amman
-
Souk Jara, ein fredagsopen loppemarknad
Kjelder
Bakgrunnsstoff