Som den mellomste av tre søner til ein jarnbanearbeidar byrja Ingmann å spele fiolin då han var ti år gammal. Etter at han var ferdig på skulen, byrja han på ei utdanning innan trykkeribransjen. Han sparte ein del av det han tente for å kjøpe sin fyrste gitar. Seinare forlét han den trygge jobben og blei med i orkestra til Roger Henrichsen og Bertrand Bech. Under andre verdskrigen byrja han eit samarbeid med Svend Asmussen, ein av dei mest kjende jazzmusikarane i Skandinavia på den tida.[3]
På denne tida blei Ingmann kjend med songaren Grethe Clemmensen, som han gifta seg med i 1956. I slutten av 1950-åra opptredde han fyrst med Jørgen Ingmann-kvartetten og seinare med kona si.
I slutten av 1950-åra endra han artistnamnet sitt til Jørgen Ingmann and his guitar. Under dette namnet spelte han inn «Apache» i 1961, som blei nummer fire på hitlistene i Canada og nummer to i USA. Hans eigen versjon av Silvana Mangano sin «Anna» gav han moderat suksess på listene i USA.
I 1975 blei Jørgen og kona Grethe skilt, men i slutten av 1980-åra fann dei saman igjen, før ho døydde i 1990.
Ingmann trekte seg tilbake som utøvande musikar i 1984.[4]