Ivan Matvejevitsj Vinogradov (14. september 1891–20. mars 1983) var ein russisk matematikar.
Han var professor i Leningrad og er særleg kjend for arbeida sine innan analytisk talteori. Han beviste mellom anna at alle tilstrekkeleg store oddetal kan skrivast som ein sum av tre primtal. Dette var eit delvis bevis for Goldbachs førehandstru.
Han vart utnemnd til æresdoktor ved Universitetet i Oslo i 1956.
Kjelder
«Ivan_Matvejevitsj_Vinogradov» i Store norske leksikon, snl.no.