Israel Shamir (fødd 11. juni 1947) er ein russisk-israelsk-svensk forfattar og journalist. Bøkene hans er omsett til mange språk, ei av dei til nynorsk. Blomar frå Galilea, omsett av Hans Olav Brendberg. Magasinet Monitor og svenske expo har lagt ned ressursar for å undersøke Shamirs tilknyting til Sverige. Dei har avslørt og kringkasta at han har folkeregistrert seg i Sverige og skifta namn fyrst til Jöran Jermas og seinare til Adam Ermasch. Mykje av forfattarskapet hans dreiar seg om Israel-Palestina-konflikten. Han er kontroversiell og omdiskutert på grunn av utsegner om jødar og Israel.
Skuldingar om antisemittisme
Shamir blei i ei periode publisert i Friheten, Morgenbladet og Klassekampen. Det blei kravd at Shamir måtte stengast ute frå spaltene. Ein omfattande debatt om temaet gjekk føre seg på nettforumet KK-forum.
Bakgrunnsstoff
- Heimesida til Shamir
Denne artikkelen er ei
spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å
utvide han.
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |