Joliot-Curie var dotter av Marie og Pierre Curie. Utdanninga hennar byrja då ho var 6 år, og då ho var 10, var det openbert at ho var blitt særskilt interessert i matematikk og var gåverik på dette området.[1]
Ettersom ein meinte at det ikkje var nokon skule i Paris som passa til barn med Joliot-Curies evner,[1] vart det organisert ein spesiell skule av mora og forskarvennane hennar der Joliot-Curie studerte i to år.[2] Skulen var slik innretta at barna kunne få undervising med særleg tyngdepunkt i vitskap.[2] I tillegg til mora hadde Joliot-Curie også fysikaranePaul Langevin og Jean Perrin som lærarar.[1]
I 1926 gifta Joliot-Curie seg med Frédéric Joliot, og dei to samarbeidde i forskinga. Medan ho var gravid med det fyrste barnet sitt i 1927 vart ho tuberkulosesjuk,[7] og sjukdommen var ikkje heilt forsvunnen før avslutninga på andre verdskrigen.[8]
I 1932 var paret Joliot-Curie nære ved å oppdage nøytronen etter eit eksperiment.[9] Paret noterte uvanlege resultat, men innsåg ikkje tydinga av desse, og i staden vart det James Chadwick som oppdaga nøytronane.[9] I eit seinare eksperiment var paret også nære på å oppdage positronet; men dei kom fram til ei feilaktig slutning etter at eksperimentet hadde gitt eit uventa resultat, og det vart Carl D. Anderson som seinare oppdaga positronet.[9]
Forskinga til paret Joliot-Curie innan naturleg og kunstig radioaktivitet, transmutasjon av element og nukleærfysikk førte til at dei vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 1935. Konkret var det for oppdaginga av kunstig radioaktivitet.
I 1936 vart Joliot-Curie understatssekretær for vitskapleg forsking i det franske statsrådet,[4] til trass for at kvinner i Frankrike ikkje hadde røysterett på denne tida.[7] Joliot-Curie sa opp posten i statsrådet etter tre månadar og arrangerte det slik at Jean Perrin etterfølgde henne.[7] Året etter at ho hadde hatt statsrådsposten vart Joliot-Curie professor ved Universitetet i Paris.[4]
Mot slutten av 1930-talet leid Joliot-Curie meir av tuberkulose og heldt til i Alpane i veker og månadar for å komme i form.[7] Sjølv om helsa hennar forverra seg innleia Joliot-Curie forsking om uran, og etter mange eksperiment publiserte ho forskingsresultat som tydde på at ho hadde oppdaga ein ny radioisotop som liknar lantan.[7] Den tyske forskaren Otto Hahn meinte at Joliot-Curie hadde feil med forskinga si og kom også til å fortelje dette til mannen til Joliot-Curie, der han skjemde forskinga hennar.[7] Trass i synspunkta frå Hahn utførte Joliot-Curie eksperimentet på nytt, og fordi ho fekk same resultat gjenpubliserte ho dette.[7] Det Joliot-Curie ikkje innsåg var at ho var tett ved å oppdage kjernespalting, og i staden vart det Otto Hahn, som etter å ha utført same eksperiment som Joliot-Curie, som vart tildelt Nobelprisen i kjemi i 1944 for oppdaginga av kjernespalting.[10]
I 1943 vart mannen til Joliot-Curie teken opp som medlem i det franske vitskapsakademiet. Etter dette søkte også Irène Joliot-Curie om medlemskap, men vart avvist.[8] I 1946 vart ho direktør for Radiuminstituttet.
Likesom mor si døydde Joliot-Curie av leukemi, som med stort sannsyn kan tilskrivast stråling og dei materia ho arbeidde med. Med i alt tre nobelprisar, til mor og far, mor åleine og dotter, stillar familien Curie i ein klasse for seg både i vitskapshistoria og i historia til nobelprisane.