Ine Marie Wilmann (fødd 18. februar 1985) er ein norsk skodespelar.[1]
Karriere
Wilmann gjekk ut av Teaterhøgskolen (KHiO) våren 2011, etter eit fireårig studium. Ho debuterte som skodespelar ved Teatret Vårt i Molde i rolla som Elis i stykket Blindpassasjer hausten 2011. Etter dette var ho med på Riksteatret sin turné med Anna Karenina våren 2012, i rolla som Kitty. Etter dette var ho med i Riksteatret si framsyning Fruen fra havet i rolla som Hilde. Vinteren 2013 var Wilmann å sjå i rolla som Aricia i stykket Fedra, basert på verket av Jean Racine. Hausten 2013 spela Wilmann rolla som Anne Frank i oppsetjinga Anne Franks dagbok på Den Nationale Scene i Bergen.
Wilmann hadde TV-debuten sin i NRK-serien Ansur. Ho har også spela rolla som Hege i Størst av alt, ein norsk dramaserie på seks episodar som gjekk på NRK1 vinteren 2007. I 2011 spela Wilmann rolla som Liv Tone i spelefilmen Jeg reiser alene, i trilogien om Jarle Klepp, basert på bøkene til Tore Renberg.
Prisar og utmerkingar
For rolla si i spelefilmen De nærmeste vann Wilmann Amandaprisen i 2015 i klassen beste kvinnelege skodespelar og Kanonprisen 2015 i klassen beste kvinnelege hovudrolle.[2][3] Ho vann Gullruten 2016 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Det tredje øyet og vart nominert til Amandaprisen 2019 og Kanonprisen 2018 i klassen beste kvinnelege skodespelar for Sonja.[4]
Filmografi
Film
- Kalde føtter (2006)
- Reprise (2006)
- Jeg reiser alene (2011)
- Flink pike (2014)
- De nærmeste (2015)
- Erica (2016)
- Ingenting tar noensinne slutt (2016)
- Sonja (2018)
- Blodtur (2020–)
- Dianas bryllup (2020)
- Krigsseileren (2022)
- Troll (2022)
Seriar
- Størst av alt (2007)
- Det tredje øyet (2014–2016)
- ZombieLars (2017–)
- Exit (2019–2023)
- Furia (2021)
Litteratur
Kjelder
Bakgrunnsstoff