ILO-konvensjonen om rettane til urfolk, eller ILO-konvensjon nr. 169 om urfolk og stammefolk i selvstendige stater av 27. juni 1989, òg kalla ILO 169 og Urfolkskonvensjonen, er ein folkerettsleg bindande konvensjon om rettane til urfolk.[1][2] Føremålet med konvensjonen er å gjeva urfolk retten til å verna identiteten sin som folkegruppe, og at dei skal ha retten til å verna og vidareutvikla livsforma og kulturen deira basert på premiss som urfolkgruppa sjølv fastset, og at styresmaktane pliktar til aktivt å støtta dette arbeidet.[3]
ILO-konvensjonen nr. 169 vart vedteke ved den 76. arbeidskonferansen til ILO i Genève i juni 1989.[4][3] Konvensjonen byggjer på Konvensjonen om urbefolkninger og andre folkegrupper som lever under stammeforhold av 26. juni 1957. Han er òg ein forlaupar for FN deklarasjonen om rettane til urfolk av 2007.
Innhald
Igjennom 44 artiklar skal konvensjonen sikra rettane til urfolk, der urfolk sjølv kan velja å integrera eller halda fram med sin kulturelle og politiske integritet, i tillegg til å verna urfolk mot ufriviljug assimilasjon. Som Menneskerettserklæringa, Den internasjonale konvensjonen om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar og FN konvensjonen om sivile og politiske rettar skal ILO 169 hindra diskriminering. ILO 169 anerkjenner trongen til urfolk for å verna og utvikla identitet, språk, kultur og religion.
Konvensjonen tek føre seg mange aspekt ved livet til urfolk, deriblant retten til tospråkleg utdanning, sedvanerett, miljø, landrettar, eigedomsrett, rett til å verta konsultert og taka del i avgjerdsprosessar (medverknad), sjølvidentifikasjon og ivaretaking og utvikling av kulturelle verdiar.
Ei sentral avgjerd i konvensjonen, er retten urfolka har til å kollektivt styra si kulturelle utvikling. Han seier vidare noko om korso høve mellom stat og urfolk bør vera. Retten urfolk har til kontroll over eiga livsform og økonomisk utvikling, landrettar, sysselsetjing, arbeidsliv, opplæring, trygd og helse. Likevel finst det inga generell og internasjonal semje om definisjonen av urfolk. I Noreg har det – både for samane og for styresmaktane – vore vesentleg at samane var i landet før landegrensene vart etablerte. Sametinget har freista å tydeleggjera sjølvråderetten sin ved å få lovfesta konkrete rettar på visse område. I slike prosessar har Sametinget kunne visa til at Noreg har ratifisert konvensjonen, dette har ikkje vore mogeleg i Sverige og Finland. Desse landa har ikkje ratifisert konvensjonen og Sametinga der har ikkje kunne nytta ein slik strategi for å nå fram med krav om blant anna landrettar. Konvensjonen er difor av ein meir moralsk karakter, enn juridisk.[5][6]
Ratifisering
I 2021 hadde til saman 24 land ratifisert konvensjonen. Noreg ratifiserte konvensjonen, som fyrste stat, gjennom st.prp. nr. 102 den 20. juni 1990, og han tredde i kraft den 5. september 1991. For Noreg gjeld konvensjonen for samane.[7] Korkje Sverige, Finland eller Russland har ratifisert konvensjonen.[8] I Sverige vart konsekvensane av ei tilslutting undersøkt igjennom ei offentleg utgreiing frå 1999, som konkluderte med at ei tilslutting burde vera mogleg i laupet av ein femårsperiode dersom einskilde problemstillingar vart løyste.[9] I 2011 meinte likevel framleis fleire parti i Riksdagen at det var uklart kva konsekvensar konvensjonen vil få.[10] Danmark ratifiserte konvensjonen gjennom ein kgl. resolusjon av 18. januar 1996.[11] For Danmark gjeld konvensjonen for inuittane på Grønland.[12]
Fylgjande land har slutta seg til konvensjonen (datoen i parentes viser til då han vart ratifisert):[13]
↑Andresen, Astri; Evjen, Bjørg og Ryymin, Teemu. Samenes historie fra 1750 til 2010. Oslo: Cappelen Damm Akademisk. s. 418–423. ISBN978-82-02-23554-3. CS1 maint: Multiple names: authors list (link)