«I've Had Enough» er ein song av Wings frå 1978 på albumet London Town. Songen kom ut på singel og nådde 25. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA, 24. plassen i Canada og 42. plassen i Storbritannia.[1][2][3] I Nederland nådde singelen 13. plassen.[4]
Innspeling
Songen vart skriven og sungen av Paul McCartney. Musikken og eit improvisert refreng vart spelt inn ombord på båten «Fair Carol» på Jomfruøyane før Wings-gitaristen Jimmy McCulloch og trommeslagaren Joe English slutta.[5][6]