Håkon Mosby (fødd 10. juli1903 i Kristiansand, død 18. oktober1989 i Bergen) var ein norsk oseanograf og var professor i fysisk oseanografi ved Universitetet i Bergen i 25 år. Han medverka med grunnleggande arbeid innan både oseanografi og meteorologi. Han hadde mange tillitsverv og fekk mange prisar både nasjonalt og internasjonalt, noko som vitnar om at han var ein stor vitskapsmann, pedagog, administrator og forskingspolitikar.
Mosby voks opp i Kristiansand og tok examen artium der i 1922. Han tok hovudfag i realfag i Oslo i 1930 og doktorgraden i 1934 med avhandlinga The Waters of the Atlantic Antarctic Ocean. Alt i 1923 var han assistent hos Fridtjof Nansen, og deltok på tokt med havforskingsfartøyet «Armauer Hansen». I 1927 vart han amanuensis ved Geofysisk Institutt i Bergen. Her arbeidde han mellom anna med strålingsdata som avdelingsleiaren, professor Harald Ulrik Sverdrup, hadde samla inn. Same år drog Mosby i lag med Lars Christensen på den første Norvegia-ekspedisjonen til Sørishavet, der dei var fram til 1928. Seinare deltok Mosby, hovudsakleg som leiar, på fleire havforskingsekspedisjonar til Nordishavet, Norskehavet, Nord-Atlanteren, Middelhavet og andre hav. I alt var han meir enn tre år på tok.
I 1947 tok han over som professor i fysisk oseanografi ved universitetet etter Bjørn Helland-Hansen. Han vart same året leiar for Geofysisk institutt, fram til 1958, og i 1964-1968 var han formann i Den nasjonale kommisjonen for geodesi og geofysikk. I ein viktig vekstfase for UiB var han dekanus ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet frå 1954 til 1959, og i perioden 1966-1971 var han rektor ved universitetet. Frå 1970 til 1973 var han styremedlem i Chr. Michelsens Institutt for Naturvitenskap og Åndsfrihet
I tillegg til virket sitt som forskingspolitikar, gjorde Mosby eit godt arbeid som universitetetslærar. Han var ein aktiv forskar som etter 1948 publiserte meir enn 60 større og midnre vitskaplege avhandlingar. På tampen av virket sitt ved Uib skreiv han ned tankane sine om plassen universitetet hadde i samfunnet i Quo vadis Universitas? (1971).
Håkon Mosby hadde privat mange interessefelt, og musikk var ein stor hobby. han var mellom anna ein habil fiolinist.
Æresprisar
Då Universitetet i Bergen i 1980 fekk nytt havforskingsfartøy til erstatning for «Helland-Hansen», som forliste i Norskehavet i 1976, vart det døypt «Håkon Mosby». Dette fartøyet er framleis i drift.