Kyrkjestaden for ytre Solund var frå 1717/18 til 1896 på den vesle Kirkøyna ved Husøyna vestom Straumsfjorden, der låg Husøy kapell.
Plasseringa til Husøy kyrkje i Solund på kart over Sogn og Fjordane
Kirkøyna overtok som kyrkjestad etter Utvær, der det hadde vore eit kapell truleg sidan 1100-talet.
Mot slutten av 1800-talet var kapellet på Kirkøyna vorte for lite og det låg og usentralt til i forhold til kvar størstedelen av kyrkjelyden no budde, difor vart det vedteke å byggje ny kyrkje austom Straumsfjorden.
Mange av dei som budde på småøyene vestom Straumsfjorden var svært lite nøgde med dette og fleire nekta å delta i pliktarbeidet med den nye kyrkja.
Fram til utgangen av 1999 var kyrkja soknekyrkje i Husøy sokn. Frå 2000 har dei tre tidlegare sokna i Solund vore slegne saman til eitt.