Humboldtfjella er ei gruppe fjell like vest for Petermannkjedene, og utgjer den vestlegaste delen av Wohlthatmassivet i Dronning Maud Land i Antarktis. Dei vart oppdaga og kartlagd av Den tredje tyske antarktisekspedisjonen (1938–1939), leia av kaptein Alfred Ritscher, som namngav dei etter Alexander von Humboldt, den kjende tyske naturalisten og geografen på første halvdel av 1800-talet.[1]
Kjelder