Givanildo Vieira de Souza, eller Hulk (fødd 25. juli 1986 i Campina Grande i Paraíba) er ein brasiliansk fotballspelar som i 2014 spela for Zenit St. Petersburg i den russiske fotballigaen, og for landslaget til Brasil. Han har vorte seriemeister i Portugal med Porto fire gonger, i 2008/09-, 2010/11-, 2011/12- og 2012/13-sesongen, og var med å vinna Europaligaen med Porto i 2010/11-sesongen. Med Brasil var han med på å ta OL-sølv i 2012. Han var toppskårar i den portugisiske toppdivisjonen i 2010/11-sesongen og vart kåra til årets spelar i den portugisiske ligaen i 2010/11- og 2011/12-sesongen. I 2012/13-sesongen vart han kåra til årets spelar i den russiske toppdivisjonen. Han var Zenit sin toppskårar i ligaen i 2013/14-sesongen.
Bakgrunnsstoff