Hudsonelva (engelskHudson River, mohikansk Muh-he-kun-ne-tuk) er ei elv i USA. Ho renn hovudsakleg gjennom delstaten New York, men markerer også ein del av grensa mellom New York og New Jersey. Hudsonelva har namn etter Henry Hudson, ein engelskmann som utforska elva i 1609.
Eriekanalen, som blei opna den 26. oktober 1825, bind saman Hudsonelva og Eriesjøen, slik at byane ved Dei store sjøane fekk vasstilgang til Atlanterhavet.