How to Train Your Dragon Norsk tittel: Dragetreneren
Regi
Dean DeBlois, Chris Sanders
Forfattar(ar)
Tim Johnson
Produsent(ar)
Bonnie Arnold
Manus
William Davies, Dean DeBlois, Chris Sanders
Basert på
How to Train Your Dragon, How to Train Your Dragon
Stemmeskodespelar
Jay Baruchel, Gerard Butler, Craig Ferguson, America Ferrera, Jonah Hill, Christopher Mintz-Plasse, T.J. Miller, Kristen Wiig, Ashley Jensen, David Tennant
Handlinga går føre seg i ei mytisk vikingverd der ein ung tenåring kalla Hiccup strever etter å leve opp til sedvanen i stammen sin om å verte ein drakedrepar. Etter å endeleg ha fanga sin første drake, og dermed fått sjansen til å ta livet av ein for å verte akseptert av stammen, finn han ut at han ikkje lenger vil drepe dyret og vert i staden ven det.[7]
Filmen vart utgjeven 26. mars 2010 og var ein kritisk og kommersiell suksess, der han fekk vellæte frå filmkritikar og publikum, og tente inn nærare 500 millionar dollar globalt. Når det gjeld den norskspråklege utgåva av filmen, har det vore reaksjonar på at dei eldre og trauste vikingane taler dialektar frå Hordaland og Sogn og Fjordane, medan dei yngre og sympatiske karakterane snakkar urbant austnorsk.[8][9] Ein oppfølgjar, How to Train Your Dragon 2, hadde premiere 13. juni 2014 og fekk i likskap med forgjengaren god kritikk og var ein kommersiell suksess. Den siste filmen i serien, How to Train Your Dragon 3, hadde norsk premiere 11. januar 2019.