Os og Fusaposten eller Os & Fusaposten er ei avis som vert utgjeven i Os i Vestland fylke. Utgjevingsdagar er onsdag og laurdag.
Avisa tek mål av seg til å dekkja kommunen Bjørnafjorden, som før 2020 var dei to kommunane Os og Fusa.
Ho har i all hovudsak stoff på nynorsk.
Redaktør og dagleg leiar var Christian Fr. Stabell fram til år 2014. Då tok Jostein Halland over.
Os og Fusaposten blei kåra til Årets lokalavis Arkivert 2005-04-26 ved Wayback Machine. under landsmøtet til Landslaget for Lokalaviser (LLA) 10. april 2005
Opplagstal
Utvikling i nettoopplag.[1]
År
|
Nettoopplag
|
2004
|
5 583
|
2005
|
5 628
|
2006
|
5 672
|
2007
|
5 793
|
2009
|
5 565
|
2010
|
5 495
|
2014
|
5 090
|
Bakgrunnsstoff
Kjelder