* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Horst Hrubesch (fødd 17. april1951) er ein tysk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Hamm i Nordrhein-Westfalen. Han vart europameister med Vest-Tyskland i 1980, tre gongar Bundesliga-meister og vinnar av Europacupen 1983 med Hamburger SV, ein klubb han spelte på i tida 1978-83. Hrubesch var kjend som ein uvanleg sterk midtspiss og hovudspelar.
Klubbspel
Hrubesch spelte fotball i lågare divisjonar til han var 24 år gammal. Han fekk sin bundesligadebut med Rot-Weiss Essen, eit lag han spelte for i tre år. I 1978 vart han overført til Hamburg SV, der han bidrog til at klubben vann bundesligaen allereie i hans fyrste sesong. Våren 1980 var han innbytar då Hamburg tapte europacupfinalen 0-1 mot Nottingham Forest. Både i 1982 og 1983 var han ein sentral spelar då Hamburg vann bundesligaen begge åra, i 1982 vart Hrubesch toppskårar i ligaen med 27 nettkjenningar. Begge desse sesongane tok elles Hamburg seg til finale i europeiske turneringar, i 1982 vart det klart tap mot IFK Göteborg i UEFA-cupen, medan høgdepunktet for klubben kom då Hrubesch som kaptein kunne heve europacup-pokalen etter 1-0 over Juventus i europacupfinalen 1983. Åra 1983-86 var han aktiv to sesongar i belgiske Standard Liège og ein i Borussia Dortmund.
Landslagsspel
Hrubesch debuterte på Vest-Tyskland sitt landslag i april 1980. Den 22. juni skåra han begge måla for vesttyskarane i EM-finalen 1980 i Roma, syrgde dermed for at Vest-Tyskland vann 2-1 over Belgia og tok landets andre EM-tittel. Han var fast på landslaget i tida fram til og med VM i fotball 1982 i Spania. Der skåra han sitt sjette og siste landslagsmål då Vest-Tyskland slo Austerrike 1-0 i gruppespelet. I sin siste landskamp, VM-finalen mot Italia, kom Hrubesch på bana etter ein times spel, men kunne lite gjere med at Italia vann kampen 3-1.
Merittar
Europameister: 1980 med Vest-Tyskland
VM-sølv: 1982 med Vest-Tyskland
Vinnar av Europacupen: 1983 med Hamburg SV
Vinnar av Bundesliga: 1979, 1982 og 1983 med Hamburg SV
Finalist i Europacupen: 1980 med Hamburg SV
Finalist i UEFA-cupen: 1982 med Hamburg SV
Trenar
Våren 2018 tok Hrubesch over som landslagssjef for det tyske kvinnelandslaget.