Hordaland MållagHordaland Mållag er fylkeslaget til Noregs Mållag for størsteparten av Hordaland. Fylkeslaget vart skipa i 1970 då Vestlandske Mållag melde seg ut av Noregs Mållag. I 2018 hadde Hordaland Mållag 3074 medlemer. Hordaland Mållag delar kvart år ut ein målpris. Dei siste åra har målprisen vore gjeven til Framtida.no, Myrkdalen Fjellandsby, Vestnytt,[1] Linda Eide,[2] TV2,[3] Skigutane AS,[4] Arne Johannesen,[5] Sparebanken Vest,[6] Universitetet i Bergen,[7] BNR, Kari og Ivar Medaas, Drageset Super Spar[8] og Høgskolen i Bergen. Medlemslag
BakgrunnsstoffKjelder
Information related to Hordaland Mållag |