Hillary Diane Rodham Clinton (fødd 26. oktober1947) er ein amerikanskdemokratisk politikar. Ho var presidentkandidaten til det demokratiske partiet ved presidentvalet i USA i 2016, der ho tapte mot Donald Trump.[1][2] Clinton er gift med tidlegare president Bill Clinton, og var USA si førstedame i frå 1993 til 2001. Ho er den første tidlegare førstedama som har stilt til val.
Familiebakgrunn
Hillary Rodham vart fødd i Chicago i Illinois og oppdregen av dei metodistiske foreldra sine i Park Ridge i same delstat. Faren, Hugh Rodham sr., son av engelske innvandrarar, var forretningsmann i tekstilindustren i Scranton i Pennsylvania, og mora, Dorothy Emma Howell Rodham, var heimeverande. Hillary har to yngre brør, Hugh og Tony Rodham.
Hillary Rodham og Bill Clinton gifta seg i 1975 i Fayetteville i Arkansas. Ho brukte jentenamnet sitt fram til 1982. Ekteparet har ei dotter, Chelsea Clinton, som er fødd i 1980.
Då mannen hennar blei vald til guvernør for Arkansas i 1979, slutta Hillary Rodham som jusprofessor.
Førstedame
Familien Clinton flytta inn i Det kvite huset i 1993, og Hillary Clinton blei leiar av ei gruppe som skulle reformera helsevesenet i USA. Dei djuptgripande forslaga til gruppa blei aldri vedtekne.
Senator
Hillary Clinton vart vald som senator for delstaten New York den 7. november2000 med 55 % av stemmane. Ho sat i fleire fagkommitear, mellom anna forsvarskommiteen.
Presidentkandidat-kandidat
Clinton var favoritt til å verte det demokratiske partiet sin kandidat til presidentvalet i 2008, og flagga dette de facto20. januar2007. Ho tapte derimot kappløpet mot senator Barack Obama.
Utgjevingar
It Takes a Village and Other Lessons Children Teach Us – 1996