Lars Henrik Andreas Barruk (fødd 26. februar 1961 i Västerås) er ein umesamisk språkkonsulent og lærar, som er kjent for arbeidet sitt med umesamisk språkrevitalisering og dokumentasjon.
Barruk er ein av få umesamiske talarar, og han har halde kurs i umesamisk ved Umeå universitet.[1][2] Han var òg med i ei arbeidsgruppe oppnemnd av Samiskt parlamentariskt råd og utvikla ein umesamisk ortografi saman med språkvitarane Ole Henrik Magga, Pekka Sammallahti og Olavi Korhonen.[3] Barruk har òg saman med eldre umesamiske talarar arbeidd med ein umesamisk ordbok beståande av 4 300 ord.[4] I 2008 vart han tildelt Umeå sameforening sin heiderspris og språkprisen Gollegiella for arbeidet sitt, og i 2018 vart han òg tildelt minoritetsspråkprisen til det svenske språkrådet for innsatsen sin.[5][6][7] Barruk er far til musikaren Katarina Barruk som skriv musikk på umesamisk og arbeider som lærar på umesamiske språkbad.[8][9][10]
Kjelder