«Hells Bells» er opningssporet på Back in Black, det sjuande studioalbumet til det australske hardrockbandetAC/DC, som var det første albumet deira etter at songaren deira Bon Scott døydde. «Hells Bells» er den andre singelen frå Back in Black, og kom ut 31. oktober 1980. Songen kom òg ut på Who Made Who, eit filmmusikkalbum av AC/DC frå 1986 for Stephen King-filmen Maximum Overdrive og på begge versjonane av AC/DC Live i 1992.
Komposisjon
«Hells Bells» byrjar med den langsame, sørgjelege klangen av eit tonn tung bronseklokke.[2] Klokka var laga av John Taylor & Co. Bellfounders i Loughborough, og lyden av klokka vart spelt inn av Tony Platt ved hjelp av Ronnie Lanes mobile studio inne i klokkestøyperiet etter at innspelinga av Back in Black var ferdig i Compass Point Studios på Bahamas.[2]
Mottaking
«Hells Bells» blir rekna av mange som ein av dei beste låtane til bandet. I 2020 rangerte The Guardian låten som nummer seks på lista si over dei 40 beste AC/DC-låtane,[3] og i 2021 rangerte Kerrang! låten som nummer sju på lista si over dei 20 beste AC/DC-låtane.[4]
Songen blir spelt før kvar heimekamp for New Jersey Devils når spelarane kjem ut på isen.[20]
Den tyske fotballklubben FC St. Pauli frå Hamburg og den franske rugbyklubben RC Toulonnais frå Toulon opnar alle heimekampar med å gå ut til «Hells Bells», førstnemnde ofte med store fanoppvisningar og pyroteknikk.[21][22]
Under surfekonkurransen Bells Beach i Victoria i Australia, blir «Hells Bells» spelt i høgtalarane i byrjinga av det første heatet kvar konkurransedag.[23]
↑Ertegün, Ahmet (2001). 'What'd I Say?': The Atlantic Story: 50 Years of Music. Welcome Rain Publisher. s. 546. ISBN978-1-56649-048-1. «Back in Black includes one of their best known songs, 'You Shook Me All Night Long' (#35 Pop), and hardrock classics 'Hells Bells', 'Back in Black' (#37 Pop) and 'Rock and Roll Ain't Noise Pollution'.»