For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Heim kommune.
Heim er ein stad der ein person, familie eller ei gruppe av menneske bur fast eller reknar seg som tilhøyrande. Omgrepet kan vera knytt til ein bygning eller flyttbar bustad eller til ein større namngjeven stad som ein by, landsby, bydel, land eller landsdel. Institusjonar der folk bur kan også kallast heimar, som barneheim, fattigheim, studentheim eller sjukeheim.