Hannu Sulo Salama[1] (fødd 4. oktober 1936) i Kouvola) er ein finsk forfattar. Salama er busett i Helsingfors, men voks opp i Tammerfors. Før han vart forfattar på heiltid i 1961 arbeidde Salama som elektrikar, som far sin, og som landarbeidar.
I 1966 vart Hannu Salama rettsforfølgd for blasfemi. Grunnen var romanen Juhannustanssit frå 1964 (på norsk Midtsommerdansen, 1965). I retten medgav Salama at det hadde vore hans meining å spotta Gud i boka, og han nekta å ha forsvarar i saka. Han vart dømd til tre månader fengselstraff på vilkår i to lågare rettsinnstansar, men innan saka kom opp i den finske høgsteretten hadde blasfemiparagrafen vorte sletta frå lova. Til slutt greip president Kekkonen inn og gav han nåde, i 1968. Då hadde saka sjølvsagt allereie vekt stor merksemd også utanlands, og mellom andre Jean-Paul Sartre og Halldór Kiljan Laxness hadde engasjert seg i saka på Salama si side. Nyopptrykk av romanen kom ut i sensurert utgåve heilt til 1990, då han vart publisert usensurert.
I 1975 Salamu fekk han Nordisk Råds litteraturpris for Siinä näkijä missä tekijä (på norsk Ingen gjerning uten øyenvitner (1972)).[2]
Bibliografi
- Se tavallinen tarina
- Minä, Olli ja Orvokki
- Juhannustanssit (1964)
- Siinä näkijä missä tekijä (1972)
- Näkymä kuivaushuoneen ikkunasta (1988)
Prisar
Kjelder