Hannes Reichelt (fødd 5. juli 1980) er ein austerriksk tidlegare skirennar frå Altenmarkt im Pongau. Han vann i 2008 FIS-premien som den beste super-g-uøvaren i verdscupen. Sidan sikra han seg sølvmedaljen i super-g under VM i alpine greiner 2011 og gullmedaljen i same øvinga ved VM i alpine greiner 2015. Perioden 2005-17 vann han 13 enkeltrenn i verdscupen i alpine greiner; seks i super-g og like mange i utfor, og eitt renn i storslalåm.
Kjelder