Hanna Albertina Rydh (12. februar 1891–29. juni 1964), seinare Rydh-Munck af Rosenschöld, var ein svensk liberal politikar, kvinnesaksforkjempar og arkeolog. Ho var medlem av Sveriges riksdag for Folkpartiet liberalerna frå 1943 til 1944, leiar for Fredrika Bremer-förbundet 1937–1949 og president for International Alliance of Women (IAW) frå 1946 til 1952.[1] Ho markerte seg som ein viktig kvinnesaksforkjempar internasjonalt. Ho og IAW stod i ein liberal internasjonalistisk tradisjon, og vektla arbeid gjennom SN og samarbeid med utviklingsland, særleg i Midtausten. Dette var under den kalde krigen også motivert av eit ønske om å demme opp for kommunismen.[2]
Rydh var gift med arkeologen Bror Schnittger og etter hans død med Mortimer Munck af Rosenschöld, som var landshovding i Jämtlands län.[3][4][5]
Kjelder
Bakgrunnsstoff