Denne artikkelen handlar om breen i Sør-Georgia. For breen på Spitsbergen, sjå Hambergbreen.
Hambergbreen er ein isbre som flyt aust-nordaustover frå nordaustsida av Mount Sugartop til vestsida av enden av Morenefjorden på Sør-Georgia. Han vart kartlagt av Den svenske antarktisekspedisjonen i 1901–04, under Otto Nordenskjöld, som namngav han etter Axel Hamberg, ein svensk geograf, mineralog og arktisutforskar.[1]
Kjelder
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hambergbreen i Sør-Georgia» (innhald frå Geographic Names Information System).