Halle (fransk Hal) er ein by og kommune i Belgia i distriktet (arrondissement) Halle-Vilvoorde i provinsen Flamsk Brabant. Byen ligg ved Brussel-Charleroi-kanalen på den flamske sida av språkgrensa som skil Flandern og Vallonia. Geografisk ligg Halle på grensa mellom den flamske sletta i nord og det åslendte landskapet i Brabant i sør. Det offisielle språket i Halle er nederlandsk.
Kommunen Halle består av sjølve byen Halle og dei mindre byane Buizingen og Lembeek. Kommunen har kring 36 000 innbyggjarar.
Kjelder
Bakgrunnsstoff