Førstekaptein på «Centurion» var Francis Dansays.[2] Skipet tente først i Kanalflåten før det tok del i sir John Norris sitt tokt til Lisboa i 1736. Kaptein George Anson tok kommandoen over «Centurion» i desember 1737 og førte ein liten skvadron til kysten av Afrika, og så til Jamaica, før han vende tilbake til England i 1739.[2] Skipet vart reparert i Portsmouth mellom august 1739 og januar 1740 for å kunne forstyrre spansk skipstrafikk langs kysten av Sør-Amerika og ta Manila-gallionane.[2]
Då den austerrikske arvefølgjekrigen braut ut fekk Anson kommando over ein skvadron på seks skip og segla til Manila for å ta den spanske kolonien.[3] Ein annan skvadron vart send under kaptein Cornwall og skulle segle til Manila via Kapp Horn. Dei to skvadronane skulle avskjere dei spanske skipa som skulle til Manila.[4]
Anson segla med «Centurion» som flaggskipet sitt.[2][3] Skvadronen la til kai i Madeira i Brasil, Port St Julian og Argentina, og nådde til slutt Kapp Horn i mars 1741. No var spanjolane klar over planane om å ta Manila og hadde sendt ut sin eigen skvadron.[3] Ei rekkje uvêr spreidde skipa i flåten og mannskapet vart kraftig redusert på grunn av sjukdom.[3] Anson pressa på og tok fleire spanske handelsskip, og skvadronen heldt fram med å ta spanske busetjingar og avskjere spanske handelsmenn, før Anson segla «Centurion» og «Gloucester» til Kina.[3] «Gloucester» var i så dårleg forfatning at Anson bora det i senk og tok mannskapet over på sitt eige skip, og 15. august gjekk dei i land ved Tinian.[3] 21. september blåste ein tyfon «Centurion» til sjøs. Anson frykta at skipet var tapt og gjorde seg klart til å segle til Kina i ein ombygd spansk bark, men «Centurion» hadde overlevd stormen og mannskapet klarte å segle det tilbake til Anson.[3]
«Centurion» segla til Macau for å verte reparert, før Anson la kursen mot Filippinane i håp om å møte eit spansk skatteskip han kunne ta. Den 20. juni gjorde han nettopp dette og fann gallionen «Nuestra Señora de la Covadonga» med 36 kanonar.[3] Etter eit lite slag vart det spanske skipet teke.[3][2] Dei to skipa segla til Canton den 11. juli, der Anson selde det spanske skipet og sette så segl mot England den 15. desember 1743.[3]
Seinare år
«Centurion» nådde fram ved Spithead den 15. juni 1744 og var då totalt nedslite. Skipet gjennomgjekk reparasjonar og vart redusert til 50 kanonar.[2][1] Det fekk ei kort stund namnet «Eagle», men 15. desember 1744 vart namnet endra tilbake til «Centurion» den 15. november 1745.[2]