Hærfuglar, Upupa, er ei lita slekt av fuglar som høyrer til ordenen Bucerotiformes. Upupa er einaste slekta i den biologiske familien Upupidae.
Det er ulike synspunkt på inndeling av artar og underartar i denne slekta, det er rekna frå ein til fire artar avhengig av taksonomi. Ein art, U. Antaeus på øya St. Helena døyde ut på 1500-talet, truleg på grunn av oppdaginga av øya.
Hærfuglar finst i sørlege og sentrale delar av Europa og Asia og i dei fleste delar av Afrika. Føretrekte habitat er opne landskap, som savannar eller jordbruksland. Dei brukar mykje tid på bakken i jakta på insekt og mark.
Artar etter Clementslista: [1]
IOC-lista skildar dessutan Upupa africana som ein art, og ikkje som underart av hærfugl Upupa epops.[2]
Referansar