Hålogaland bispedømme var frå 1804 til 1952 eit bispedømme i Den norske kyrkja og omfatta Nord-Noreg. Biskopen hadde sete i Tromsø.
Historie
Bispedømmet vart oppretta ved at Mathias Bonsak Krogh i 1804 vart utnemnd til biskop over «Nordlandene og Finmarken». Biskop Krogh valde Alstahaug i Helgeland som bispesete.
Frå 1844 til 1918 var bispedømmet kalla «Tromsø Stift».
I 1952 vart bispedømmet delt i Nord- og Sør-Hålogaland bispedømme.
Biskopar