Gustav eller Gustaf er opphavleg svenskemannsnamn, truleg frå norrøntGautstafr, danna av gautr, 'mann frå Götaland', og stafr, 'stav'. Ei anna tolking er at det er ei svensk form av det nordvestslaviskeGostislav der namnedelane tyder 'venn' og 'ære, rykte'.
Namnet har spreidd seg til fleire andre språk. På norsk og tysk er skrivemåten framleis Gustav eller Gustaf og på fransk Gustave. Den latinske forma av namnet er Gustavus, og på italiensk, portugisisk og spansk er ho Gustavo.
Ei seinare svensk form av namnet er Gösta. På finsk er namnet Kustaa.
Namneberarar
Kongelege
Gustav Vasa (ca 1496–1560), konge av Sverige 1523–1560