Tokio Hotel er eit pop-rock band frå Magdeburg i Tyskland. Det er sett saman av dei einegga tvillingane Bill Kaulitz og Tom Kaulitz, Gustav Schäfer og Georg Listing.
Musikkgruppa blei stifta i 2001 som «Devilish», men bytta namn til Tokio Hotel i 2004. Dei fekk eit gjennombrot i heimlandet i 2005 med songen «Durch den Monsun» (på engelsk «Monsoon»). Dette året gav dei også ut det første albumet sitt, Schrei.
Diskografi
Album
2005: Schrei
2006: Schrei – so laut du kannst
2007: Zimmer 483
2007: Scream (eller Room 483)
2007: Zimmer 483 Live in Europe (konsertalbum)
2008: Scream (spesialutgåve for USA)
2009: Humanoid (i to versjonar, ein tysk og ein engelsk)
2010: Best of Tokio Hotel (i to versjonar, ein tysk og ein engelsk)